BF2 / 2023 Bokmelding

Ei akademisk bok med mykje praktisk kunnskap

Ei velformulert, men litt krevjande bok for dei som er nyfikne på korleis barnehagen kan sjå ut frå et akademisk perspektiv.

Dette er ei bok ein leser i delar; den er innhaldsmetta og krev at innhald vert reflektert over. Barnehagen vert skildra som ein spesiell institusjon med ei uendelegheit av møter og hendingar mellom ulike menneskjer, noko mange lesarar kjenner seg att i. Litt meir høgtflygande kan det opplevast når barnehageforsking vert sett inn i eit filosofisk og feministisk perspektiv. Men lesarar som heng med gjennom dei første avsnitta, vil oppleve at teksten får ei praktisk retting. Forsking vert skildra som å opne forundringskammer, og gjennom utforsking her kome fram til ny kunnskap. Praktisk kunnskap i barnehagen vert sett inn i samanheng med den tyske filosofen Friedrich Nietzsche (1844–1900), som nytter omgrepet «det vurderande øye» – eit omgrep som og vert nytta ved observasjon i barnehage.

Fabulerande montasjar

Fabulerande montasjar kan være ei reint praktisk oppgåve, der ein samlar det som kan gje bakgrunn for utvikling av det fantasifulle og forteljande. Og fabulering kan gje motstand mot det moraliserande gjennom å skape samarbeidande fellesskap mellom born og tilsette, og slik få fram ny innsikt i gruppa. Omgrepet re-poetisering vert lansert i boka og omfattar det ord- spinneriet som kjem fram i arbeidet med montasjane. Her er det tydeleg at boka handlar om den praktiske kvardagen og aktiviteten i barnehagen. Vel, der Munch vert trekt inn, er det kanskje ikkje all tekst som treng være høgtlesing i barnehagen, men bileta hans kan skape inspirasjon i barnegruppa.

Haptisk engasjement

Haptisk sans handlar om dei sanselege opplevingane, det å erfare med kroppen og forstå ut frå dette. Ein forskar i barnehagen skaper hendingar saman med barna, og i fellesskap utforskar dei materiale og det fysiske rommet som dei er i. Her vert det eksemplifisert at å være i skogen er ei oppleving. Å være i skogen med lukka auge kan gje ei heilt anna sanseoppleving. Her vert ein minna om at omgjevnadane våre bidreg med mange ulike opplevingserfaringar, det gjeld berre å finne fram til måtar å oppleve på. Og at same rom kan gje heilt ulike opplevingar avhengig av kva sans vi opplever gjennom.

Teksten er velformulert, men og krevjande med ein del ord og omgrep som dei fleste vil trenge å slå opp for å få med seg innhald. Illustrasjon med foto og måleri bryt opp og levandegjer teksten. Boka passer godt for dei som er nyfikne på korleis barnehagen kan sjå ut frå eit akademisk perspektiv. Som antologi vil den høve som teori inn i teoretiske oppgåver, både på bachelor- og master- nivå. Og for dykk som skriv oppgåver no, så er det sympati å få i boka, der det vert påpeika at skriving er både vondt og krevjande. Men også ein naudsynt del av ein forskingsprosess.

Card image cap

Gjør som 4000 andre fornøyde barnehagefolk, tegn et abonnent på Barnehagefolk
og få tidsskriftet i posten.
(Du får alle nummerne for inneværende år ved
tegning av abonnement)

Abonner på Barnehagefolk