Men sjølv om ein har all verdas leikemateriell, arkitektutforma bygningar eller fantastiske verkstadrom, trur eg utforskinga uansett blir fattig viss ikkje eitt sentralt vilkår er på plass: den profesjonelle tilsette.
Men sjølv om ein har all verdas leikemateriell, arkitektutforma bygningar eller fantastiske verkstadrom, trur eg utforskinga uansett blir fattig viss ikkje eitt sentralt vilkår er på plass: den profesjonelle tilsette
Det er barnehagelærarane og styrarane som
har det profesjonelle ansvaret som profesjonsutøvarar,
og som er forplikta på eit samfunnsmandat, eit
etisk verdigrunnlag og ein kunnskapsbase. Men alle
som jobbar i barnehagen, skal vera profesjonelle.
Det inneber at me skal ta avgjerder og utøva ein
praksis med utgangspunkt i fagleg skjønn og profesjonsetikk
– ikkje private ønskjer, kjensler og behov.
Viss eittåringane vil krabba opp og ned på puffen
for n’te gong, er det irrelevant om du tykkjer
det er kjedeleg med denne gjentakinga. Då er du
forplikta til å støtta barna i utforskinga og også
gjere den rikare ved å tilføra nye utfordrande element.
Viss ein av toåringane støtt og stadig blir ekskludert
frå leiken med dei andre, er ditt eventuelle
ubehag ved å ta tak i situasjonen underordna. Då
inneber ansvaret ditt å stå i dette og handla til barnet
sitt beste. Viss ein treåring græt seg gjennom
dagen, kan du ikkje bli oppgjeven og snu deg vekk.
Då må du jobba med dine eigne kjensler og ta i
bruk eller tileigna deg kunnskap om kva gråten kan
signalisera. Viss regnet høljar ned og fireåringane
har forventningar om sølepytthopping og slushcafé etter lunsj, då speler det inga rolle om du tykkjer
det er kaldt og kvir deg for å vera ute. Då er jobben
din å kle deg etter vêret og bidra til spennande
undersøkingar og vassleik saman med dei. Viss
femåringane vil krabba rundt i skogen for å undersøkja
insekt, er det underordna om du gruar deg
til klesskift og garderobeopprydding etterpå. Då
støttar du opp under engasjementa og hentar heller
forstørringsglas og behaldarar for vidare utforsking
av krypa.
Og viss toddlerane sin motoriske og leikande utfalding
blir utvida på eit av dei større leikeområda
på uteleikeplassen, då duger rett og slett ikkje argumentet
om luktande bleier.
Dette kan kanskje opplevast som strengt, men
eg meiner det er heilt grunnleggjande at me barnehagetilsette
går ein ekstra runde med oss sjølve
når me i ein situasjon instinktivt føler for å avslå
eit initiativ, seia nei til ein aktivitet eller avvisa eit
forslag – anten det kjem frå barn eller kollegaer.
Me må reflektera over om praksisen vår opnar eller
lukkar for barns sosiale, leikande, motoriske, sanselege
og estetiske utforsking av verda.
Gjer me ikkje det, blir profesjonaliteten sett på spel
og barnas høve for ein barnehagekvardag i eit stimulerande
miljø som støttar opp om lysta deira til
å leika, utforska, læra og meistra, innskrenka. Då
er vilkåra for utforsking på ville vegar: vegar utan
fagleg skjønn, pedagogisk refleksjon og profesjonsetiske
vurderingar.
i desse dagar går me inn i sommaren, og planar,
personalkabalar og pedagogiske visjonar blir diskutert
rundt omkring i barnehagane. Eg håpar
denne utgåva av Barnehagefolk kan inspirera til
utforskande praksisar, nysgjerrig pedagogikk og
tilsette som stadig er på leiting etter vilkår som
kan forbetrast for å vareta den ibuande leikelysta
til barna.
God lesnad!