Debatt

Ekspertutval på ville vegar!

En ny rapport fyrer oppunder noen grunnleggende profesjonsetiske problemstillinger om programinvasjonen i barnehagen.

Nyleg la Ekspertutvalet for barnehage, skule og SFO fram rapporten «Et jevnere utdanningsløp» bestilt av regjeringa vinteren 2023. Rapporten fekk det til å eksplodere i kommentarfelt i sosiale - og redaktørstyrte media. Det synte seg at ingen av medlemmene i utvalet var lærarar, og at fleire av forskarane var gjenbruk frå tidlegare utval. At dei fleste er økonomar syner att på språket og intensjonane i rapporten. Rapporten har eit snevert blikk på at barn skal bli lønsame borgarar og på vanskar som kan oppstå i framtida.

Løftar fram eigne program
Minst like oppsiktsvekkande, er det at forskarane foreslår eigenutvikla program som tiltak på problem dei sjølve har identifisert i rapporten, påpeika av Greve et al. (2024) i Aftenposten. Det fekk Sandelson i Stavanger Aftenblad (2024) til å stille kritiske spørsmål rundt habiliteten og etikken til forskarane. Store delar av rapporten handlar om innføring av ulike typar program, eller «verktøy» som dei omtalar det. Verktøy er gjerne noko ein brukar når ein skal fikse noko. Eg kan nemne: Tuning into Kids, CLASS, DUÅ, Trygg før 3 og SEL. Desse programma meiner utvalet skal verke førebyggande, utjamne sosiale skilnader og gje barnehagen betre kvalitet.

Barnehagelærarane fortel i intervjua at programma ofte set dei i moralske dilemma fordi dei går på akkord med verdiane deira, og at teori og praksis ikkje stemmer overeins, trass i at dei blir selt inn som evidensbaserte.

Lærar i Oslo-skulen, Gunhild Nohre-Walldén  (2024), skriv i Aftenposten denne veka, at rapporten uroar henne. Mellom anna uroar det Nohre-Walldén at utvalet foreslår som eit kvalitetshevingstiltak å «tvinge» barn til å ta del i «såkalla» pedagogiske aktivitetar. Barns rett til frileik er nedfelt i barnekonvensjon til FN og viser på ingen måte til den «systematisk rettleia leiken» som vert fremja i rapporten. Ho skildrar tiltaka som gamaldagse og kallar det «fortidas utdanningspolitikk», noko eg støttar henne fullt og heilt i. Som Nohre-Walldén stiller eg også spørsmål ved om førebygging av sosiale skilnadar er ein del av hennar mandat som lærar.

Vert sett i moralske dilemma
I det pågåande doktorgradsarbeidet mitt ser eg nærare på korleis barnehagelærarane opplever arbeidet nettopp med ulike typar standardiserte program, blant anna nokon av dei tidlegare nemnde programma. Eg ser raskt at det er store skilnader mellom korleis barnehagelærarane vurderer bruk av program som meiningsfull del av arbeidet i kvardagen, og programutviklarane som sit i rapportutvalet sine vurderingar.  Barnehagelærarane fortel i intervjua at programma ofte set dei i moralske dilemma fordi dei går på akkord med verdiane deira, og at teori og praksis ikkje stemmer overeins, trass i at dei blir selt inn som evidensbaserte. Dette synest særleg å gjelde programma som involverer barna direkte. Det finst og program som vil hjelpe barnehagelærarane å lage gode system, eller som berre går på observasjon av tilsette. Og kartleggingar av barn opprørar barnehagelærarane sterkt. På nytt legg utvalet føringar for at fleire kartleggingar bør på banen, trass i alle høyringsrundar der barnehagelærarane har sagt nei til dette. I Danmark har ein hatt obligatorisk språkkartlegging av treåringar sidan 2007, og der har ein ny studie (Kjærbæk et al., 2023), avdekt at tiltaket ikkje har fungert etter intensjonen: Kartleggingane har verken har ført til betre oppdaging av barn med språkvanskar eller betra leseferdigheitene deira. Så kanskje er det på tide å lytte til barnehagelærarane?

Ein godt fordekt illusjon
Vidare fortel barnehagelærarane som er med i studien min, at dei ikkje får vere med å ta stilling til om programma skal innførast, og at programma tek bort mykje tid frå arbeidet med barna. Barnehagane skal ha metodefridom. Det er nedfelt i lovverket. Ut frå det barnehagelærarane eg har intervjua seier og det dei tidlegare har sagt frå om, meiner eg det er grunnlag for å påstå at barnehagelærarane sin autonomi som følgje av manglande metodefridom blir sterkt redusert som følgje av innføring av program. I 2020 utarbeidde Lærarprofesjonens råd ei etisk sjekkliste til lærarar i barnehage og skule som brukar program (Afdal, 2020) der dei ber barnehagelærarane om å sette ved foten ved uetisk praksis. Dette er klart i strid med desse råda. Metodefridomen har blitt ein godt fordekt illusjon.
Eg stiller meg også undrande til at arbeidsgjevarar framleis kjøper inn program til barnehagelærarane. Barnehagelærarane har aldri nokon sinne tidlegare har vore så velutdanna som i dag. Det vert også avspegla i mi undersøking. Alle som har stilt til intervju har bachelorutdanning. Det var kravet for å ta del. Men, i tillegg har alle ei form for vidareutdanning, nokre er endå til masterstudentar og andre har alt ein mastergrad. Leiar for utvalet, professor i samfunnsøkonomi, Kathrine Vellesen Løken seier til Khrono at dei ynskjer ei profesjonsheving av dei tilsette (Strand, 2024). Men kor mykje kompetanse blir det eigentleg forventa at ein barnehagelærar skal ha? Løken signaliserer ein uomtvisteleg mistillit til profesjonsutøvarane gjennom denne utsegna. Ho undergrev kompetanse til ei yrkesgruppe som alt har solid utdanning som grunnutdanning. På Island har alle barnehagelærarar hatt krav om mastergrad sidan 2008. Det har resultert i at søknaden til lærarutdanningane har gått kraftig ned og gjort det endå verre å rekruttere barnehagelærarar (Dýrfjörð, 2024). Professor i pedagogikk ved OsloMet, Solveig Østrem (2024) uttalte nyleg til Utdanningsnytt at programma legg opp til alle skal kunne bruke programma uavhengig av utdanning. Altså: Det ikkje finst fagfolk i barnehagen, berre «vaksne». 

Intensjonen med programma er at dei skal verke førebyggande. Likevel identifiserer utvalet ein masse problem. Her er må det vere ein logisk brest, som kan tyde på at program ikkje er løysinga.

Uforsvarleg bemanning
Det gode er likevel at utvalet konkluderer også med at barnehagane treng betre bemanning. Det støttar eg dei i. Barnehagane opplever i dag ei bemanningskrise. I 2016 vart «Barnehageopprøret» oppretta. Då hadde barnehagelærarane fått nok. I 2024 må barnehagane langt oftare stenge i ytterkant av dagen og fleire heile dagar og feriar, fordi der ikkje er bemanning og vikarar å oppdrive. I 2018 fekk kunnskapsminister Jan Tore Sanner 365 historier i handa frå «Barnehageopprøret» om uforsvarlege tilstandar som følgje av dårleg bemanning, skrivne av både fortvilte barnehagetilsette og føresette. Desse må ligge i ei godt låst skuff. Eg kan nemne at eg har skrive masteroppgåve om dei grufulle historiene samla inn av opprøret (Førde, 2019). Historiene synte at barnehagelærarane var skrivne inn i ein diskurs der dei ser på barn som sårbare og hjelpetrengde. Ein diskurs leia ut av ein tidleg innsats-logikk som legitimerer innsal av program som førebyggande tiltak.

Lite nytenkande og problematisk pengebruk
Etter intervjua med barnehagelærarane, har eg lita tru på at programma skal løyse problema ekspertutvalet skisserer. Eg minner om at bruk av program i barnehagane alt er svært utbreidd, og har vore det sidan 90-talet, og Nohre – Wallén har altså heilt rett i at dette er lite nytenkande. Det finst i dag ingen oversikt over kor mange program som sirkulerer. Ein studie gjort at Lund et al. (2022) i Vikenområdet, fann at det var tatt i bruk 3 eller fleire program i kvar barnehage. Utdaningsdirektoratet seier dei ikkje lenger har oversikt, og det verkar til å ha kome ut av kontroll. Intensjonen med programma er at dei skal verke førebyggande. Likevel identifiserer utvalet ein masse problem. Her er må det vere ein logisk brest, som kan tyde på at program ikkje er løysinga.
Mitt inntrykk er at programma  – heller enn å førebyggetilfører institusjonen og profesjonsutøvarane nye utfordringar. Dette kan ekspertar igjen utvikle nye program for, og slik kan det halde fram i det uendelege. Dette har også et kommersielt aspekt: Det er nokon som tener pengar på dette, og nokon tener også pengar på å identifisere problem. Eg meiner difor at midlar som er tiltenkt innkjøp av dyre program som barnehagelærarane seier dei opplever som problematiske, heller bør brukast til å auke bemanninga. Det vil kanskje førebygge at ein treng å sette ned fleire slike utval i framtida.




Referanser

Afdal, H. W. (2020). Oppfordring til ledere og lærere i skole og barnehage: Gjør etiske vurderinger og sett foten ned når det er nødvendig! Lenke

Dýrfjörð, K., Magnúsdóttir, B. R., & Bjarnadóttir, V. S. (2024). Principals’ financial and pedagogical challenges when choosing programs and educational materials: the scope of the private education industry for preschools. Education Inquiry, 15(1), 47-62.

Førde, E. (2019). "Å vekke monster til live". Nomadisk-eksperimenterande-spekulative lesingar av #UFORSVARLIG [Oslo Metropolian University]. Oslo.

Greve, A., Brodal, P. & Brodal, K. (2024). Ekspertutvalg med dårlig bakkekontakt? Aftenposten. Henta 21.02.2024 frå Lenke

Kjærbæk, L., Knudsen, H. B. S., de López, K. J. & Holm, L. (2023). Finder vi de sprogligt udsatte børn?: En kortlægning og kritisk analyse af det nationale sprogscreeningsprogram i Danmark. Nydanske Sprogstudier (NyS),(63), 136–181.
Lund, Å., Franck, K., Juritsen, L., Paulgård Østmoen, J. & Wilhemsen, T. (2022). Utbredelse av konsepter i norske barnehager. Forskning i pædagogersprofession og uddannelse, 6, 91–110. Lenke

Nohre-Walldén, G. (2024). Jeg er lærer på en levekårsutsatt skole i Oslo. Rapporten «Et jevnere utdanningsløp» uroer meg. Henta 26.02.2024 frå Lenke

Sandelson, S., G. (2024, 22.02.24). Jo, vi er eit lite land. Men er vi så små som dette?Stavanger Aftenblad. Lenke

Strand, H. K. (2024). Vil ha meir om utjamning av sosiale skilnader inn i lærar­utdanninga. Henta 28.02.2024 frå Lenke

Elin Førde er barnehagelærar med 18 års fartstid frå feltet der ho har fylt ulike roller. Førde er til dagleg lektor ved Barnehagelærarutdanninga på Institutt for pedagogikk ved Høgskulen i Volda og skriv doktorgrad om korleis barnehagelærar forstår og opplever arbeidet med standardiserte program (2020-2024). Førde har ein mastergrad i barnehagepedagogikk frå OsloMet der ho skreiv masteroppgåve om Barnehageopprøret i 2019.

Card image cap

Gjør som 4000 andre fornøyde barnehagefolk, tegn et abonnent på Barnehagefolk
og få tidsskriftet i posten.
(Du får alle nummerne for inneværende år ved
tegning av abonnement)

Abonner på Barnehagefolk