Debatt BF2/2024

OLIVER OG BESTEFAR STARTAR I BARNEHAGEN

Ein liten gut og ein godt voksen bestefar går hand i hand inn i ein heilt ny kvardag for den minste av dei.

Dette er historia om då Oliver og bestefar begynte i barnehagen ein augustdag i 2023. Foreldra til Oliver starta samtidig i nye jobbar, så det var bestefar som vart tiltrudd denne viktige oppgåva: å vere med på tilvenning i ein ny barnehage. Oliver er snart to år, og bestefar er 68. For Oliver, som har flytta frå Oslo til ei bygd på Vestlandet, er det ein heilt ny barnhagekvardag han skal inn i, sjølv om han har om lag eit halvt års «praksis» frå ein barnehage der han treivst svært godt. Bestefar på si side har nesten 50 års erfaring med arbeid i, for og med barnehagar. Oliver og bestefar har med andre ord to svært ulike utgangspunkt for møtet med barnehagen i dag, men éin ting har dei felles: Dei er begge veldig klar for det som skal skje.

Dag 1: Å gå frå det kjende til det ukjende og tilbake igjen

Og for eit første møte vi får. Etter å ha traska med barnevogna gjennom sentrum og sett på bilar, bussar, lastebilar og traktorar går vi inn grinda til barnehagen. På ytterdøra heng det ein plakat med eit stort VELKOMEN og namna til alle barna på avdelinga. Vi bankar på døra og blir møtt av ein strålande blid kontaktperson som vi kan kalle Mari, i garderoben. Ho går rett ned på kne og møter Oliver på hans nivå – cirka ein meter over havet – og gir han ein varm velkomstklem. Etter at ho har snakka mest med han, og litt med meg, og vist oss plassen hans, går vi inn på avdelinga. Fleire av personalet kjem oss i møte, og dei har alle det til felles at dei utstrålar glede for å sjå nettopp oss i dag. Det er tre nye barn og foreldre denne dagen, og eg er sikker på at dei også kjenner det på same måten.

Image

Oliver er i storform. Han går i gang med å køyre små leikebilar i lag med eit anna barn på ei matte med oppteikna bilvegar. Så finn han ei leikevogn som han puttar ei dokke opp i, spaserer lett og ledig rundt på avdelinga og peikar og forklarar alle at dette er ein «baby». Oliver har nettopp vore i lag med sitt åtte veker gamle søskenbarn i helga og er naturleg nok prega av det. Etter å ha stabba rundt litt ei stund finn han ein vegg med ulike tal og bokstavar med små figurar som representerer den og den bokstaven, til dømes K for kongle. Bokstavane og tala har ulike fargar, og her er han i sitt ess: «blå» seier han og haustar stor anerkjenning frå Mari og meg. Inspirert av dette går han laus på andre bokstavar og fargar; dei fleste tar han feil av, så då går han tilbake til ei sikker hamn: «blå». Bestefar blir brått fagperson og tenkjer at dette er som ein liten vri på «Tryggleikssirkelen», eller Circle of Security – COS, der vekslinga mellom utforsking og ei trygg hamn er sentral (Powell et al., 2015). På ein måte handlar det om å gå frå det kjende til det ukjende og så tilbake til det kjende.

Etter ei lita stund dukkar styraren i barnehagen opp med eit stort smil og ein god klem til sin «gamle» pedagogikklærar. Etter snart 40 år i høgskulen har eg vore med på å utdanne mellom fire og fem tusen barnehagelærarar og har difor kjenningar i dei fleste barnehagane i det gamle Sogn og fjordane. Vi går til kontoret for å snakke litt om korleis vi skal legge opp dette med at eg er med Oliver dei første dagane, og at eg har tenkt å vinkle det eg skriv, mot dei gode møta og positive relasjonane. Vi er også inne på korleis vi skal få gitt tilbakemelding til personalet og eventuelt foreldra. På kontoret møter eg styrarassistenten – også ho ein tidlegare student. Vi tre får oss ein kopp kaffi og ein god prat medan Oliver prøver seg ut aleine på avdelinga ei lita stund.

Oliver og bestefar har med andre ord to svært ulike utgangspunkt for møtet med barnehagen i dag, men éin ting har dei felles: Dei er begge veldig klar for det som skal skje.

Idet eg kjem attende, ser eg at han sit i lag med tre andre barn og køyrer bil på vegmatta. Mari sit i midten. Oliver reiser seg og kjem meg i møte med eit stort smil og seier «Bpapa», som han kallar meg. Han tek meg i handa og dreg meg ned på golvet og inkluderer meg i fellesskapet. Det er ikkje fritt for at eg blir litt rørt av dette – korleis han viser meg at vi to høyrer saman, samtidig som han inviterer meg inn i sin nye kvardag, der han etter kvart skal greie seg på eiga hand. Igjen dukkar fagpersonen i meg opp, og eg tenkjer litt på det psykologen Lev Vygotskij (1896–1934) sa om utviklingsonene: at barn bevegar seg frå den aktuelle, det dei kan og veit, og til den neste utviklingsona, dit dei kjem ved hjelp av ein meir kompetent person, det som psykologen Jerome Bruner (1915–2016) kallar for eit «støttande stillas». Han understreka at stillaset ikkje måtte stå for lenge for då kunne barnet bli avhengig av det. Eg ser på Mari og tenkjer at eg blir her nokre få dagar, og so er det henne og dei andre tilsette på «Oliver og bestefar har med andre ord to svært ulike utgangspunkt for møtet med barnehagen i dag, men éin ting har dei felles: Dei er begge veldig klar for det som skal skje.»avdelinga som blir dette stillaset for Oliver si utvikling og sosialisering i barnehagen.

Første dag i oppstartveka har barnehagen som rutine at barna berre skal vere ein til to timar på avdelinga for så å dra heim for å sove. Dette passar oss ypparleg, og vi tek farvel med barnehagen etter at Oliver har fått spesialoppvarting med to skiver nysteikt brød, slik at han ikkje vaknar av at han er svolten. Godt fornøgd med det første møtet i barnehagen legg Oliver seg i vogna og sovnar med eit smil om munnen, der vi tuslar heim langs verdas lengste fjord omkransa av høge fjell.

Dag 2: Morgonstress og sparkesyklar

Denne dagen startar lettare kaotisk for far og bestefar. Om det påverkar Oliver, er usikkert, han «sa» i alle fall ingenting om det. Bestefar var godt på veg om morgonen då han oppdaga at mobilen med alle bankkorta låg igjen heime, så han måtte snu og vart ein halv time forsinka. Far hadde gjort klar ein ny (brukt) sykkel som han hadde montert eit barnesete på. Det sto «enkelt å montere» på brukstilvisinga, men det tok bortimot to timar! Og når vi endeleg var klare til å sykle, oppdaga vi at framhjulet var punktert. Så då var det berre å finne fram vogna igjen og spasere ein ny tur gjennom sentrum og sjå på bussar, bilar og traktorar i dag ogso. Far kom for seint på jobb, og vi kom for seint i barnehagen. Eller gjorde vi eigentleg det? Kva vil det seie å komme for seint når ein av oss er to år og den andre snart pensjonist?

Livet i småbarnsfamilien er sjeldan A4, det skjer noko heile tida, også ikkje-forutsette ting. Det er difor fint at barnehagen har fleksible rutinar som tek omsyn til dette, særleg i startfasen, slik vi opplevde det. På den andre sida må sjølvsagt ogso foreldre og besteforeldre prøve å fylgje dagsrytmen i, og avtalar med, barnehagen so godt dei kan. Men attgløymde mobilar og punkterte framhjul er det lite å gjera med.

Til slutt kom vi oss til barnehagen i dag ogso. Mari møtte oss i garderoben, og no var det ho som hjelpte Oliver av med yttertøyet før vi tusla inn på avdelinga, alle tre. I dag tok det litt lenger tid før Oliver «kom i gong». Det overraska oss litt, første dagen gjekk han jo meir rett på. Hadde han fått med seg litt av morgonstresset likevel? I dag vakna han 06.30, og tre timar seinare hadde det skjedd mykje. Han vart sitjande ei stund på fanget mitt og ta inn det som skjedde rundt han. I dag er det nye barn og vaksne, som ikkje var der i går. Mari sit ved sida av oss med eit anna barn på fanget medan ho småpratar litt med Oliver innimellom. Eg trur vi tenkte det same; vi gir han litt tid. Plutseleg sprett han opp og går bort til avdelingsleiaren Ingrid, som sit på bilbanematta med ein bensinstasjon der du kan sleppe småbilar ned to etasjar i ei slags rundkøyringsbane. Då er det gjort. Dette er saker, og frå då av går Oliver meir eller mindre for eiga maskin også denne føremiddagen.

Tryggleik på ein småbarnsavdeling blir skapt av nærverande omsorgspersonar og faste, tilbakevendande rutinar. Forutsigbarheit er eit dårleg nynorskord, men alfa omega i små barns kvardagsliv.

Etter ei stund går han mot utgangsdøra og kunngjer høgt og tydeleg at han er «ferdig»! Dette ordet brukar han om alt, som å sove, å bli lest for og etter måltid, bland anna. Det betyr at han er klar for ein ny aktivitet, og no vil han ut på leikeplassen. Ein del av dei andre barna og personalet er alt gått ut, og det er full aktivitet i sandkassa og på huskestativet. Oliver står ei stund og ser seg rundt, så får han auge på ein liten tohjuls sparkesykkel med sete, og snart syklar han og ein anna gut fram og tilbake, rundt og rundt. Dei seier ingenting, dei lagar berre rare lydar, men det er inga tvil om at desse to har kontakt. Dei er i ferd med å etablere ein relasjon.

Om lag ein time seinare skal alle inn igjen. Etter avkleding i garderoben er det klart for songstund. Åtte–ni forventningsfulle småbarn i eitt–toårsalderen sit i ein halvsirkel på golvet. Dei tilsette sit innimellom og har eit ledig fang til den eller dei som måtte trenge det. Pedagogisk leiar, Ingrid, har ansvar for songstunda. Ho har ein boks med ulike kort som symboliserer ulike songar dei eldste barna kjenner igjen, og dei av barna som kan ein del ord, syng med. Høgdepunktet er når Ingrid tek fram eit og eit leikedyr frå boksen og barna ropar namnet på dyra etter kvart, og dei syng ein song som inkluderer dei ulike dyra med bevegelsar. Stor stemning! To og to blir sendt ut i lag med ein tilsett for handvask, før måltidet som består av heimebakt brød og diverse pålegg. Alle barna har individuelle bordkort med namnet sitt og ulike dyr som er symbolet eller «bumerke» for barnet. Oliver har fått ein frosk. God og mett seier Oliver «ferdig», så seier han «ha det» til alle barna, gir ein kos til dei tilsette og vi tuslar ut i garderoben for å gjere oss klar til turen heim. Etter 100 meter langs fjordstien søv han. Eg kikkar ned på han og tenker som mange har tenkt før meg: Noko meir fredfullt enn eit sovande småbarn finst ikkje.

Dag 3: «Vi brukar å gjere det slik»

I dag er det mor sin tur til å vere med i barnehagen, men det er ei anna historie. Det einaste eg vil ta med her, er at også dette hadde vore ein fin dag, og rutinane byrjar etter kvart å sette seg. Denne dagen sov han i barnehagen for første gong. Det var Mari som la han og køyrde litt med vogna før han «småprata» seg sjølv i søvn. Mari har eigentleg fri på torsdagar, men ho valde å vere i barnehagen kvar dag denne første veka, i og med at ho er Oliver sin kontaktperson. «Vi brukar å gjere det slik», sa ho berre då eg kommenterte at det var jo utruleg fint. Er det slikt vi med andre ord kallar kvalitet i barnehagen?

Dag 4: Eit vendepunkt i tilvenninga

Eg var spent på denne dagen. Eg las ein artikkel i Aftenposten i sommar med tittelen «Andre uken i barnehagen er verst» av Jeanette Sjøberg, som viste til forsking ved NTNU-prosjektet Liten og ny i barnehagen (Sjøberg, 2023). Her hevda ein at på slutten av første, og/eller særleg i starten av andre veka kan det oppstå eit slags «knekkpunkt for barnas stressnivå etter barnehageoppstart». Det kan for nokre barn bli eit slags vendepunkt. Som far til Oliver sa det: «Det går fint nokre dagar, men så går det kanskje opp for barnet at no er det slik det skal vere, no er det her eg skal bli framover på dagtid og ikkje heime med mor og far.»
Med dette i bakhovudet møtte eg Oliver heime om morgonen på dag 4, og akkurat – det første han sa, var «nei» når han såg meg og eg spurte om vi skulle i barnehagen. Han gjekk og vifta med ein flugefangar og prøvde på ein måte å vifte meg vekk. Far stod i bakgrunnen og var nok like usikker som meg på korleis dette skulle gå, men vi hadde eit lite «ess i ermet». Oliver elskar å sitje i barnesete på sykkeltur. Det nye setet var som sagt montert, det punkterte dekket var lappa, og vi skulle sykle til barnehagen. «Kom» sa eg til Oliver, «kom å sjå på den flotte sykkelen. Skal vi sykle til barnehagen»? «Ja», sa Oliver. Far og bestefar pusta letta ut. Det blir ein flott dag i barnehagen i dag ogso. Etter litt leik på avdelinga og felles opprydding, der toåringane hjelpte til, hadde Mari ei fin samlingsstund med barna. Det er utruleg kor godt det fungerer å ha små dyr og figurar i ein boks eller ein pose for so å dra dei sakte opp og vere like overraska kvar gang. Dyra blir så knytt til dei same små songane som sist. Barna sit på sin faste plass på golvet, merka med bumerkedyret og namnet deira. Oliver har som sagt fått ein frosk som går igjen ogso ved bordet og på hylla i garderoben. Tryggleik på ein småbarnsavdeling blir skapt av nærverande omsorgspersonar og faste, tilbakevendande rutinar. Forutsigbarheit er eit dårleg nynorskord, men alfa omega i små barns kvardagsliv.

Etter songstunda er det på tide å kome seg ut i det fine veret. I den grad Oliver skulle kjenne på eit slags «stressnivå» på dag 4, er det i alle fall umogeleg å observere. Han ser ut til å storkose seg i lag med dei andre barna og personalet som fordeler seg rundt på leikeplassen. Også styraren er ute ei lita økt i dag. Ho er tydeleg fornøgd både med samspelet mellom barna og måten dei tilsette utfører arbeidsoppgåvene sine på, det som på fagspråket heiter å etablere ein omsorgsrelasjon med barna. Etter å ha vore ute ei stund er det igjen tid for ei lita samlingsstund – denne gongen med Ingrid – før vask av hender og måltid. Barna finn bumerka sine, og måltidet startar etter ein liten felles song. Etter tre ferske brødskiver og ein kopp kaffi nyttar eg høve til å takke for meg og alt eg har fått oppleve i lag med Oliver desse tre augustdagane. Eg vinkar farvel til Oliver og alle barna og syklar opp på høgskulen for å få dei siste opplevingane i barnehagen ned på papiret.

Her sluttar historia om då Oliver og bestefar begynte i barnehagen. Tusen takk til alle som tok så godt i mot oss begge. For min del har desse dagane vore ei stadfesting av den viktige og flotte jobben som blir gjort for å ta vare på den aller viktigaste ressursen landet vårt har: barna våre. For Oliver sin del har denne gode oppstarten gitt han eit veldig godt utgangspunkt for den reisa som no ligg framom han – kvardagslivet i barnehagen.

God tur, Oliver!

Referanser

Powell, B., Cooper, G., Hoffman, K. & Marvin, B. (2015). Trygghetssirkelen – en tilknytningsbasert intervensjon. Gyldendal.

Sjøberg, J. (2023, 20. juli). Andre uken i barnehagen er verst. Aftenposten.

Card image cap

Gjør som 4000 andre fornøyde barnehagefolk, tegn et abonnent på Barnehagefolk
og få tidsskriftet i posten.
(Du får alle nummerne for inneværende år ved
tegning av abonnement)

Abonner på Barnehagefolk