Dei nye foreldra har fått svar på spørsmåla sine, so
alle tilsette kan bruka tida på ungane i staden for at
ein står att i garderoben for å fortelja om måltid og
matboksar og førskuleklubb. Pulsen hjå både born
og tilsette senker seg, og nye og gamle ungar finn
roen inne på si eiga avdeling. Heile oppstartssirkuset
er i ferd med å bli eit tilbakelagt stadium. Where are you from?’ spør eg, ‘Kor kjem du frå?’
Uttrykket hans endrar seg med ein gong, augo flakkar, og han ser ut
som om eg har spurd han om noko vanskeleg, noko ubehageleg
Det var ein av desse dagane at eg gjekk gjennom
barnehagen og møtte ein av dei nye ungane på
naboavdelinga,
ein som eg veit nettopp har byrja.
Eg veit kva han heiter og at han er fire år, men eg
har aldri snakka med han før, so me kjenner kvarandre
ikkje.
«I don’t know», kviskrar han, men så – like lavt:
«Germany».
«Germany!» svarer eg. Det synes eg er gøy, eg
kan snakke tysk. «Sprichst du Deutsch?»
Han ser tilbake på meg, om mogleg endå meir
ubekvem, men for høfleg eller sjenert til å springe
derifrå. Eg smiler so vennleg og ufarleg som eg
kan, før eg reiser meg opp og opnar døra for han,
viser han at eg slepper han laus, at han ikkje treng
å stå her og konversere meir om han ikkje vil. Eg
skal ikkje krevje noko av han. Han smett inn døra
og inn på avdelinga si.
Eg står att og lurer. Kva skjedde? Kvifor såg det ut
som han vart stressa av å bli spurt kor han kjem frå?
Eg har jo lese tekstar og kronikkar frå utanlandskadopterte
nordmenn som synes det er slitsamt å
måtte stå til rette for insisterande «men kor kjem
du frå eigentleg?», men eg hadde då vel ikkje vore
slik? Eg visste at han var ny i landet her, og eg var
berre mildt og positivt nyfiken på kven han er og
kor han kjem frå, var eg vel? Eg måtte finna pedleiaren
på avdelinga hans for å forklara kva som
hadde hendt, og at eg hadde forstyrra ein av dei
nye ungane «hennar».
Det viste seg å ikkje vere so rart, dette at «kor
kjem du frå» var eit vanskeleg spørsmål;
Etter dette møtet bytta eg fokus i møte med
verdsborgarane eg møter i den internasjonale barnehagen
Birralee: No bur me i Norge alle saman,
og dette er barnehagen vår. Men kva land har du
også med deg i historia di, du barn av verden?
Dette møtet med David vart siste gongen eg møtte
ein heilt ukjend unge med spørsmålet om kor
dei kjem frå. Kva land dei har budd i, kva språk dei
snakkar, kor familien stammer frå – denne informasjonen
haster ikkje. Alt får eg svar på etter kvart
som eg blir kjend med ungane og familiane deira.
Men fyrst skal me bli kjent.
BF1/2025
KVA ER DINE LAND?
Det var ein av dei dagene tidleg i september. Ein sånn dag då ein kjenner
at det byrjar å gå seg til, og me glir inn i ein ny normal etter oppstart.
Mari Raunsgard
pedagogisk leder
- mars, 2025
- min lesing

Gjør som 4000 andre fornøyde barnehagefolk, tegn et abonnent på Barnehagefolk
og få tidsskriftet i posten.
(Du får alle nummerne for inneværende år ved
tegning av abonnement)